IMG_8564

For ei tid tilbake rydda eg i garnlageret mitt og bestemte meg for eit resteprosjekt. Eg har lenge sikla på oppskrifta på «villsaugenseren» og konkluderte med at ei slik jakke til minstemann måtte bli eit bra resteprosjekt. Og det vart det! Litt Finull, litt Gammalserie, litt PT2 (alle Rauma) og ein liten dæsj 2-tråds frå Nøstebarn.

IMG_8327Då eg starta på bolen oppdaga eg at eg måtte strikke fleire cm med grunnfargen før eg starta på mønsteret og bestemte meg i løpet av fyrste sauerad for at det kom til å sjå skikkelig dumt ut og at eg heller skal legge inn dei omgangane mellom saueradene neste gong. No etterpå tenker eg at det er heilt greitt, det har ikkje plaga meg so mykje som eg skulle tru. Men i str 3 år ville eg kanskje heller strikka ein omgang ekstra med grunnfarge mellom radene, eller lagt inn ei sauerad ekstra nedst.

IMG_8544

I utgangspunktet hadde eg ikkje sjekka so nøye kor mykje garn eg trengte, men satsa på at det eg hadde var nok. Det gjekk akkurat! Fargane bestemte eg litt etterkvart, avhengig av kor mykje som gjekk av kvar farge. Den eine armen er strikka i Rauma sin 2tr Gammelserie og er restegarn etter selbuvottar. Den andre armen er finull, restar etter at eg strikka og tova mus til mormor til jula 2013. Det kvite kjem også frå museprosjektet, og den blå er gammalserie etter favoritt-selbuvottane mine. Den gule trur eg var PT2, og kjem nok frå nokre påskekyllingar ei tid tilbake. Dei to øvste radene(sånn omtrent) er meir offwhite enn resten, men på totalen viser det ikkje. Eg gjekk ALL IN for å bruke restar, og sjølv om freistinga for å reise og handle meir kvit midt i nest siste sauerada var der, droppa eg det og lurte inn ein annen nyanse istaden. Du ser det berre dersom du veit det. 😉

Den største garnutfordringa var då knappestolpen skulle strikkast. Då hadde eg ikkje nok garn i nokon av dei utkåra garntypane og måtte ty til litt 2-tråds frå nøstebarn. Den var ein heil del tynnare og hadde ein litt annen blånyanse, men pytt pytt. Resteprosjekt er resteprosjekt.

Knappane er sjølvsagt også frå restelageret.

IMG_8684

Definitivt eit av dei mest motiverande prosjekta på lenge. Både fordi det vart fint, mønsteret er supert, garnet deilig og fargane fine. Litt mykje tvinning av trådar på baksida, men det gjekk overraskande greit det også.

Oppskrift:Villsauene på Runde

Garn: Rauma; Finull, PT2, Gammelserie, Nøstebarn; 2-tråds.

Pinnar: rundpinne og strømpepinnar 2,5(brot) og 3mm.

Tid: 2-3 veker