Luer

Kommenter innlegget

IMG_8697

I helga var eg på Stoff og Stil og fekk litt ekstra inspirasjon til å finne fram symaskinene att. I dag vart det overlocken som fekk kome fram frå boda. 3 luer vart til i ein fei, etter denne framgangsmåten. Kjekt med små og raske prosjekt som blir ferdige samme kveld.

Det vart sjølvsagt ei til kvar av gutane. På den største brukte eg måla 50×50 cm. Den vart etter min smak alt for lang, men med brettekant vart den grei. Den mellomste har måla 48 cm(bredde)x40cm(lengd) og den minste er 44x30cm.

No gjenstår det berre å sjå om dei passar når gutane står opp i morgon.

Uglegenser

Kommenter innlegget

Hjelpe meg! Det har gått over eit halvt år sidan sist eg blogga. Eg har ein god del ublogga prosjekt, men tida har ikkje strukket til det siste halvåret.

I kveld leita eg fram symaskina og overlocken og installerte meg på spisestuebordet for fyrste gong på aldri so lenge. Der blir eg nok ei stund, for det er jo so kjekt! Kveldens prosjekt var ein genser frå syboka til Heilt spesiell og Jubel. Eg oppdaga undervegs at eg ikkje hadde tvillingnål, men brukte berre enkel istaden. Det vart kanskje ikkje like profft, men det tar eg etter kvart. Eg gadd heller ikkje lese framgangsmåten so nøye, for å sy saman ein genser er ikkje akkurat rakettforsking. Eg rota det til då eg skulle sy kanteband langs halsen, og måtte klippe det vekk og starte på nytt. Andre gongen vart det betre. 😊

IMG_7311.JPG

Putetrekk

Kommenter innlegget

20140320-202439.jpg

Eg har endeleg funnet fram symaskina mi no når permisjonen min går mot slutten. Etter eit par dagar har det ikkje resultert i meir enn nokre knappehol, lappa ullundertøy(hol hol hol) og denne puta. Å sy putetrekk er gjort i ein fei. Eg trur det tok meg 10 min inkludert henting av overlock på boda og trøsting av liten knert midt i arbeidet.
Stoffet kom frå mamma og var akkurat passe stort til ei barnepute. 😊

20140320-203300.jpg

Spindelvev-lue

Kommenter innlegget

20130409-145352.jpg

Når ein reiser på tur ei veke og ikkje har god lue med, då må ein strikke lue. Heldigvis hadde eg delvis planlagt det og teke med restegarn. Den er strikka Østlandsgarn og liknande, etter eige hovud. Litt inspirert av ei eg såg på ein sportsbutikk forrige veke. Ikkje det mjukaste og beste luegarnet, men eg er ikkje overfølsom på klø-ull og reknar med det går fint.

Hare hopp

Éin kommentar

20130309-230537.jpg

Eg har funnet fram igjen påskeboka til Arne og Carlos. Fyrste prosjekt ut vart ein hare til Theodor. Den måtte sjølvsagt vere blå. Han elskar nemleg blå! …og grøn og grå. 😉
I oppskrifta brukar dei falk-garn og p 2,5. Eg trur eg brukte østlandsgarn(eit umerka nøste fra lageret) og p 3. Det samme gjorde eg på genseren, men med p 3,5 på glattstrikken. Eg fulgte ikkje mønsteret på genseren, for det er jo egentlig ikkje SO vanskelig å strikke ein liten genser når ein har strikka eit par store før. Det eg ikkje tok høgde for var at genseren skulle PÅ. Halsen var ganske trang, men med litt innsats gjekk det akkurat.

Eg brukte litt meir enn eitt nøste blått og kan då trekke ca 60 gram garn vekk frå garnlageret. 🙂

MarteHelgetun

Kommenter innlegget

Eg har skrytt av bloggen før og gjer det gjerne igjen, for no er det konkurranse med fin premie :

Sjekk ut martehelgetun.no, ei fantastisk flink strikkedame som lagar utruleg fine oppskrifter. Bok har hon gitt ut, og du kan kjøpe garnpakkar med oppskrift og garn til det du vil lage rett frå nettbutikken. Genialt. 🙂 Tommel opp for Marte Helgetun!

(Og håpe, håpe, håpe på å vinne masse fine strikkepinnar!)

Jordbærlue

2 kommentarar

Bilete

Eg har strikka ei mjuk og deilig jordbærlue til eit lite hovud. Den har foreløpig ingen mottakar, men det får den nok etterkvart. Strikka i Mirasol og Babysilk.

Older Entries