Villsauene på Runde

2 kommentarar

IMG_8564

For ei tid tilbake rydda eg i garnlageret mitt og bestemte meg for eit resteprosjekt. Eg har lenge sikla på oppskrifta på “villsaugenseren” og konkluderte med at ei slik jakke til minstemann måtte bli eit bra resteprosjekt. Og det vart det! Litt Finull, litt Gammalserie, litt PT2 (alle Rauma) og ein liten dæsj 2-tråds frå Nøstebarn.

IMG_8327Då eg starta på bolen oppdaga eg at eg måtte strikke fleire cm med grunnfargen før eg starta på mønsteret og bestemte meg i løpet av fyrste sauerad for at det kom til å sjå skikkelig dumt ut og at eg heller skal legge inn dei omgangane mellom saueradene neste gong. No etterpå tenker eg at det er heilt greitt, det har ikkje plaga meg so mykje som eg skulle tru. Men i str 3 år ville eg kanskje heller strikka ein omgang ekstra med grunnfarge mellom radene, eller lagt inn ei sauerad ekstra nedst.

IMG_8544

I utgangspunktet hadde eg ikkje sjekka so nøye kor mykje garn eg trengte, men satsa på at det eg hadde var nok. Det gjekk akkurat! Fargane bestemte eg litt etterkvart, avhengig av kor mykje som gjekk av kvar farge. Den eine armen er strikka i Rauma sin 2tr Gammelserie og er restegarn etter selbuvottar. Den andre armen er finull, restar etter at eg strikka og tova mus til mormor til jula 2013. Det kvite kjem også frå museprosjektet, og den blå er gammalserie etter favoritt-selbuvottane mine. Den gule trur eg var PT2, og kjem nok frå nokre påskekyllingar ei tid tilbake. Dei to øvste radene(sånn omtrent) er meir offwhite enn resten, men på totalen viser det ikkje. Eg gjekk ALL IN for å bruke restar, og sjølv om freistinga for å reise og handle meir kvit midt i nest siste sauerada var der, droppa eg det og lurte inn ein annen nyanse istaden. Du ser det berre dersom du veit det.😉

Den største garnutfordringa var då knappestolpen skulle strikkast. Då hadde eg ikkje nok garn i nokon av dei utkåra garntypane og måtte ty til litt 2-tråds frå nøstebarn. Den var ein heil del tynnare og hadde ein litt annen blånyanse, men pytt pytt. Resteprosjekt er resteprosjekt.

Knappane er sjølvsagt også frå restelageret.

IMG_8684

Definitivt eit av dei mest motiverande prosjekta på lenge. Både fordi det vart fint, mønsteret er supert, garnet deilig og fargane fine. Litt mykje tvinning av trådar på baksida, men det gjekk overraskande greit det også.

Oppskrift:Villsauene på Runde

Garn: Rauma; Finull, PT2, Gammelserie, Nøstebarn; 2-tråds.

Pinnar: rundpinne og strømpepinnar 2,5(brot) og 3mm.

Tid: 2-3 veker

 

Luer

Kommenter innlegget

IMG_8697

I helga var eg på Stoff og Stil og fekk litt ekstra inspirasjon til å finne fram symaskinene att. I dag vart det overlocken som fekk kome fram frå boda. 3 luer vart til i ein fei, etter denne framgangsmåten. Kjekt med små og raske prosjekt som blir ferdige samme kveld.

Det vart sjølvsagt ei til kvar av gutane. På den største brukte eg måla 50×50 cm. Den vart etter min smak alt for lang, men med brettekant vart den grei. Den mellomste har måla 48 cm(bredde)x40cm(lengd) og den minste er 44x30cm.

No gjenstår det berre å sjå om dei passar når gutane står opp i morgon.

2014-spam

Kommenter innlegget

Etter at eg vart trebarnsmor i full kvardagsjobb har det vore minimalt med blogging og sterk reduksjon på handarbeidsfronten. Men noko har eg produsert og her er litt frå 2014, slik at eg får det ut av systemet:
IMG_5742 IMG_5696

Tøfler med falske fletter strikka i Sterk. Kjempedeilige! Lagde eit par i gåve og eit par til meg sjølv.

DSC_0082 IMG_2001 IMG_5234

Lommetøflene fekk heva status då eg kom på at det går an å hekle ein kant med kontrastfarge rundt åpningane.

IMG_2093

Denne puta strikka eg på bestilling då eg var HEILT inne i bella-mønsteret etter teppet til Sebastian. Den er strikka i noko mjukt og tjukt frå Nille.

IMG_5737

Mitt kjære søskenbarn ønska seg lue, og då fekk eg endeleg strikka uglene eg hadde sett på so lenge. Veldig kule! Eg har ei lue til som berre manglar auger i str 2-3 år liggande om nokon skulle vere interessert. Trur eg strikka dei i Sandnes Perfect og uglene fann eg på ravelry. Eller google.😉

IMG_6071 IMG_6072

Bleiepose til babyshower for ei flott graviddame som er langt over graviditeten no.

IMG_7332

Julegåve til dei frostige bestemødrene mine. Pulsvarmarar med falske fletter. Eige mønster. Kanten øvst er ikkje hekla, men strikka. Den framgangsmåten fann eg på felisia sin blogg, og sjølv om det krevde konsentrasjon og var litt knotete vart resultatet bra og smidig.
IMG_7355 IMG_7357

Luer, tøfler og enda eit bellateppe. Denne gongen i babysilk til vesle Aron-Livander.🙂 På dette teppet brukte eg ikkje 8 dagar, kanskje nærare 8 veker. Eller meir.

IMG_7528

Heklenål-etui i julegåve.

IMG_6555

Djevellue der eg ville ha spissen lang. Hadde planlagt å strikke 2-3 omg mellom kvar felling, men følte eg aldri vart ferdig og felte raskare på slutten. Den vart ikkje so lang som eg hadde tenkt, so neste gong fullfører eg planen. Kanskje.


IMG_5762Diggar denne dressen frå 2013. Passar fortsatt fint til Jonathan på 3,5 år.

Eivind-jakke

Kommenter innlegget

IMG_6221

Vesle Eivind fekk denne jakka og lua då han vart fødd. Den er strikka med dobbel tynn alpakka og oppskrifta er frå Pickles. Hugsar ikkje kva den heitte og tar gjerne imot tips om det. Jakka vart knøtlita, men Eivind var heldigvis ikkje so stor han heller. Han fekk i alle fall tredd den på før den måtte leggast vekk.

Emil-jakke

Kommenter innlegget

IMG_6331

Då vesle Emil vart fødd for snart eit år sidan strikka eg tøfler og denne jakka. Tøflene har eg blogga om før og jakka er eiga oppskrift. Den er strikka med dobbelt tynt alpakkagarn, truleg frå drops. Eg hugsar verken pinnestr eller kor mange masker eg starta med. Neste gong skal eg ikkje vente eit år med blogging.😉

Uglebukse

Kommenter innlegget

IMG_7354

Ein god oppfølger til forrige innlegg må vel vere buksa eg sydde samme veka. Uglebukse til Jonathan. Han elskar den! Eg knota litt med lommene og fekk det ikkje heilt fint, men øving gjer meister reknar eg med. Eg lagde ei til i julegåve, nesten heilt lik.

Oppskrifta er frå boka “Sy glade klær til glade barn” og stoff frå Stoff og Stil.

Uglegenser

Kommenter innlegget

Hjelpe meg! Det har gått over eit halvt år sidan sist eg blogga. Eg har ein god del ublogga prosjekt, men tida har ikkje strukket til det siste halvåret.

I kveld leita eg fram symaskina og overlocken og installerte meg på spisestuebordet for fyrste gong på aldri so lenge. Der blir eg nok ei stund, for det er jo so kjekt! Kveldens prosjekt var ein genser frå syboka til Heilt spesiell og Jubel. Eg oppdaga undervegs at eg ikkje hadde tvillingnål, men brukte berre enkel istaden. Det vart kanskje ikkje like profft, men det tar eg etter kvart. Eg gadd heller ikkje lese framgangsmåten so nøye, for å sy saman ein genser er ikkje akkurat rakettforsking. Eg rota det til då eg skulle sy kanteband langs halsen, og måtte klippe det vekk og starte på nytt. Andre gongen vart det betre. 😊

IMG_7311.JPG

Older Entries

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.