Luer

Kommenter innlegget

IMG_8697

I helga var eg på Stoff og Stil og fekk litt ekstra inspirasjon til å finne fram symaskinene att. I dag vart det overlocken som fekk kome fram frå boda. 3 luer vart til i ein fei, etter denne framgangsmåten. Kjekt med små og raske prosjekt som blir ferdige samme kveld.

Det vart sjølvsagt ei til kvar av gutane. På den største brukte eg måla 50×50 cm. Den vart etter min smak alt for lang, men med brettekant vart den grei. Den mellomste har måla 48 cm(bredde)x40cm(lengd) og den minste er 44x30cm.

No gjenstår det berre å sjå om dei passar når gutane står opp i morgon.

Advertisements

2014-spam

Kommenter innlegget

Etter at eg vart trebarnsmor i full kvardagsjobb har det vore minimalt med blogging og sterk reduksjon på handarbeidsfronten. Men noko har eg produsert og her er litt frå 2014, slik at eg får det ut av systemet:
IMG_5742 IMG_5696

Tøfler med falske fletter strikka i Sterk. Kjempedeilige! Lagde eit par i gåve og eit par til meg sjølv.

DSC_0082 IMG_2001 IMG_5234

Lommetøflene fekk heva status då eg kom på at det går an å hekle ein kant med kontrastfarge rundt åpningane.

IMG_2093

Denne puta strikka eg på bestilling då eg var HEILT inne i bella-mønsteret etter teppet til Sebastian. Den er strikka i noko mjukt og tjukt frå Nille.

IMG_5737

Mitt kjære søskenbarn ønska seg lue, og då fekk eg endeleg strikka uglene eg hadde sett på so lenge. Veldig kule! Eg har ei lue til som berre manglar auger i str 2-3 år liggande om nokon skulle vere interessert. Trur eg strikka dei i Sandnes Perfect og uglene fann eg på ravelry. Eller google. 😉

IMG_6071 IMG_6072

Bleiepose til babyshower for ei flott graviddame som er langt over graviditeten no.

IMG_7332

Julegåve til dei frostige bestemødrene mine. Pulsvarmarar med falske fletter. Eige mønster. Kanten øvst er ikkje hekla, men strikka. Den framgangsmåten fann eg på felisia sin blogg, og sjølv om det krevde konsentrasjon og var litt knotete vart resultatet bra og smidig.
IMG_7355 IMG_7357

Luer, tøfler og enda eit bellateppe. Denne gongen i babysilk til vesle Aron-Livander. 🙂 På dette teppet brukte eg ikkje 8 dagar, kanskje nærare 8 veker. Eller meir.

IMG_7528

Heklenål-etui i julegåve.

IMG_6555

Djevellue der eg ville ha spissen lang. Hadde planlagt å strikke 2-3 omg mellom kvar felling, men følte eg aldri vart ferdig og felte raskare på slutten. Den vart ikkje so lang som eg hadde tenkt, so neste gong fullfører eg planen. Kanskje.


IMG_5762Diggar denne dressen frå 2013. Passar fortsatt fint til Jonathan på 3,5 år.

Uglebukse

Kommenter innlegget

IMG_7354

Ein god oppfølger til forrige innlegg må vel vere buksa eg sydde samme veka. Uglebukse til Jonathan. Han elskar den! Eg knota litt med lommene og fekk det ikkje heilt fint, men øving gjer meister reknar eg med. Eg lagde ei til i julegåve, nesten heilt lik.

Oppskrifta er frå boka «Sy glade klær til glade barn» og stoff frå Stoff og Stil.

Pocket clutch

Éin kommentar

251

Ei stund før jul hadde eg meg ein svingom med symaskina etter eit års tørke.. Det endte i ein liten stabel med slike små «lommebøker». Mønsteret fant eg hos Michelle patterns. Veldig kjekt med mønster ein kan få i pdf-format og ha på ein blunk.

252

Inni er det to lommer og den er festa med trykknappar. I oppskrifta var det brukt magnetknapp, men det hadde ikkje eg. (Note to self: hugs det neste gong du handlar systæsj.) Eg vurderte å prøve med borrelås, men knappar var enklast.

456

Snart skal eg finne fram symaskina igjen! Håpar eg…

 

Masseproduksjon av strikkepinneetui

23 kommentarar

Gutane har vore på ferie hos svigers i helga og eg har kosa meg med symaskin på stua. Hadde fått ei bestilling på strikkepinneetui og laga fyrst det her:

019

Eg følte sjølv at eg var veldig smart som laga to rader med lommer til pinnane. Deretter kom eg på at eg kanskje burde hatt eit tynt lag vatt inni. Og at eg kanskje burde hatt den eine rada tilpassa små rundpinnar. Eg avanserar…

027

…og vart meir fornøgd med denne enn nokon av deg eg har laga tidlegare. DEN skal eg ha sjølv…trur eg. Sola skein og eg var i humør for noko lystig. Stort sett går det i blått når eg produserar ting til meg sjølv, og det er vel sunt med litt forandring? Dette etuiet gjorde meg i alle fall glad!
033

God plass til fleire rader med pinnar; både strømpepinnar og rundpinnar.

038

Og slik ser det ut når det er rulla saman og knytt i hop.

039

I det samme stoffet sydde eg ein pose til mamma sine klesklyper, og ein pose til. Det går so mykje raskare når ein lagar to ting på samme tid! Og slikt kjem jo ikkje vekk. Kanskje den eine må vere spøtepose til strikkepinneetuiet i matchande stoff?

Strikkepinneetui 030

Deretter vart det eit i rosa, framleis påvirka av det gode vêret. No trur eg at eg har utarbeidd meg eit design eg er fornøgd med. Eg kom på at det sikkert var lurt med trykknappar for å feste ned kanten oppe.

Strikkepinneetui 034

 

Kant bretta ned med trykknappar. Smart smart.

Strikkepinneetui 038

 

Og slik ser det ut samanrulla.

Strikkepinneetui 024

Til slutt laga eg eit litt lengre eitt med berre to rader. Litt ekstra god plass til strømpepinnar i ulike størrelsar. Dette stoffet er det mjukaste og mest stretchy «quiltestoffet» eg nokon gong har kjent på. Skulle eg sydd kle i bomull ville eg brukt dette. Om det heiter noko anna enn berre bomull veit ikkje eg.. Kjøpt på salg på Lappestua på Eid.

Strikkepinneetui 028

Når eg no ser på alle syns eg kanskje det her er det finaste. Men det har no havna til salgs på epla, saman med nokre av dei andre. Og stakkars Malin som får fyrste utkast. Eg lagar gjerne eit nytt Malin! 🙂

 

….eg vil sy meir!!

Julegaver 2012

Éin kommentar

Det vart ikkje noko storproduksjon av heimelaga julegaver i år, men nokre fekk eg no laga:

014

Ullkjole til eit nydeleg lite tantebarn.

Desember2012 003

Sminkemappe til svigerinna mi.

019

Sminkemappe til mormor. Eg berre elskar det stoffet der!

Desember 054

Lommetøfler.

Desember 052

Samme tøflene som på biletet over.

Desember 050

Og enda eit par lommetøfler.

I romjula hadde eg ei fin venninne som vart 22(….stemmer ikkje det Malin?) og ho fekk finetøfler:

Desember2012 161

Englemappe

Kommenter innlegget

Då er jula over og det er på tide å vise fram litt av desemberprosjekta mine. Det vart ikkje so mange heimelaga gåver under treet i år, men her er i alle fall den eg brukte mest tid på:

Desember 023
Toalettmappe med englar på til finaste Irene som alltid lagar flotte gåver til meg. Mønsteret heiter «mormors toalettmappe» og eg sydde ei i samme mønster for halvanna år sidan. Den hadde bilete av mamma då ho var lita på og er blogga om her.

Desember 017

Eg hugsa at det var mykje arbeid med denne mappa og har utsett lenge å starte på den, men då eg fyrst hadde fått klipt til delane gjekk det i ein fei. I alle fall ei stund. Framsida og baksida gjekk knirkefritt, innmaten gjekk også greit, men so var det toppen…

Desember 024

Å få til toppen er noko drit. Eg hugsa at eg sleit veldig sist, og det gjorde eg jammen den gongen her og. Eit år ekstra syerfaring hadde ikkje den døyt å bety. Det MEST frustrerande var då eg i ein ufokusert augneblink klarte å dra glidelåsen heilt av. Eg hadde klipt vekk bakdelen fordi den var for lang og ikkje festa den på nytt. Vips – der gjekk den dingsen du drar i rett av (sjølv om eg hadde mantra inn at eg ikkje skulle gjere det..) og mappa flaug veggimellom medan glosene rant laust. Eg såg for meg at Irene kom til å få eit kort med eit bilete av den fine mappa og teksten denne kunne du ha fått… ilag med ein pakke sjokolade som plaster på såret. HELDIGVIS har eg sjølvaste Primula Design som nabo og for ho var jo ikkje dette noko sak. Ho satte berre glidelåsen på feil veg (då var det jo ingen sak å få den inn på sporet igjen) og so hadde eg ein halvtimes arbeid før heile mappa var ferdig. Oh, lykke! Takk takk takk for at eg har ei dyktig sydame til nabo!

Desember 022

Eg syns dei hjørnene her er so fine! Fyrste gong klødde eg meg i hovudet ei god stund før eg fekk det til, men gong nummer to gjekk som smurt. Hadde eg berre funnet på noko anna for å få til lukkinga på toppen skulle eg laga mange mapper..! Og heldigvis, og berre som det er sagt; mi kyndige synabodame var heilt einig i at toppen var dustete og vanskelig å få til! 😉

 

Older Entries