Oppskrift OL-lue

2 kommentarar

OL-lue 005

Her er OPPSKRIFT på min versjon av den norske OL-lua 2014:

Garn: Dobbel babyull

Heklenål: 5mm

Teknikkar: Magisk ring, fastmaske(fm), halvstav(halvst)

Str: 56/57-58/59

Lua er hekla ovanfrå og ned.

1. Lag ein magisk ring der du heklar 6 fm i ringen.

2. 2 halvst i kvar fm (totalt 12m)

3. *1 halvst i fyrste maske, 2 halvst i neste maske*, gjenta ut omgangen (18)

4. *2 halvst, 2 halvst i neste*, gjenta ut omgangen (24)

5. *3 halvst, 2 halvst i neste*, gjenta ut omgangen (30)

6. ..fortsett slik med ein halvstav meir mellom kvar øking til du har 60 – 66 m og hekl deretter ein halvstav i kvar maske til ønska lengd. Ta den på og prøv undervegs.

7. Bytt til raud tråd og heklenål 4mm og fortsett med halvstavar i 2 omg til.

8. Fest trådane.

OL-lue 001Ei stor og ei litt mindre og kortare(eg gjekk tom for tråd, men kanskje nokon likar den sånn også..?).

Melvin, Malvin og Balvin

Kommenter innlegget

002 På instagram følger eg ei dame som heiter bareanette rett og slett fordi ho lagar slike fine hekladyr. Oppskrift på desse kan kjøpast på epla.no. Frå venstre og mot høgre ser du Malvin, Melvin og Alvin (eller Balvin som 5-åringen syns var meir passande). I utgangspunktet hadde eg berre tenkt å hekle ein til minstemann, men det vart visst 3 stykker. Etter å ha strikka Malvin til Jonathan tenkte eg at Theodor kunne få ein i motsette fargar for å bruke opp restegarnet. Men hekling slukar(!) garn og eg hadde ikkje nok verken av grøn eller blå. Den grøne fekk eg juksa til med kortare bukse og kvite horn og den blå kjøpte eg ny av og fekk brukt på Alvin si bukse. Etter å ha hekla to var eg sånn passe lei og gjorde ein liten vri med å lage Alvin litt mindre enn dei andre to. Eg likar i grunn ikkje so godt å hekle, so no skal det strikkast i massevis!

Sint fugl

Kommenter innlegget

Eg har hekla ein sint sint fugl. Eg trur eg hadde ei oppskrift, men hugsar ikkje kvar eg fann den. Det er visst ikkje heilt greit å legge ut gratisoppskrifter på angry birds, so dei forsvinn stadig vekk. Men om du er litt heklekyndig er det jo ikkje akkurat noko hokus pokus.

Hekla tøfler

Kommenter innlegget

Eg har aldri hekla noko særleg, men fekk det for meg her ein dag at det burde eg teste ut litt. Dermed fann eg oppskrift på desse tøflene på dropsdesign.no og dei vart ferdige i ein fei. Easy-peasy! Dei er hekla i dobbelt Safirgarn og med heklenål nr 6. Eg syns oppskrifta var dårleg i og med at dei måtte syast saman midt oppå. Eg ville heller ha hekla rundt, men tenkte det var greit å følge oppskrifta fyrste gongen. Dei vart ikkje spesielt gode å ha på, maskene gav litt harde “klumpar” under foten. Kanskje det hadde vorte betre med eskimogarn som eigentleg skulle brukast..?

Oppskrift: dropsdesign.no

Garn: Safirgarn, 3 nøster

Heklenål: str 6

Påskekyllingar

4 kommentarar

I år var vi for fyrste gong heime hos oss sjølv i påska og hadde ikkje ein einaste ting å pynte med.  Dermed vart det litt leiting på ravelry etter søte påskekyllingar og her er resultatet.  Dei er hekla, noko eg nesten ikkje har gjort før. Og i alle fall ikkje frå engelsk oppskrift..! Men so lenge ein er på nett er det ikkje vanskelig å finne oversetjing til norsk og forklaringar av korleis ein faktisk heklar dei ulike maskene. På grunn av at eg brukte litt tid på å skjøne den engelske oppskrifta då eg hekla den fyrste brukte eg nok dobbel so lang tid på den som på dei neste. Det vart ein kylling fyrste kvelden, to dagen etter og to dagen etter der igjen. Fort gjort!

Dei vart ikkje akkurat brukt so mykje som pynt, for Theodor syns dei var veldig kjekke å leike med. Kyllingane flaug rundt i huset heile påska og er no pakka vekk til neste påske.

Eg har funnet ei liknande oppskrift på ein pingvin som eg tenker å hekle neste gong. Og ugler. Følg med! 🙂