Lave tjukkelester

Kommenter innlegget

Før jul strikka eg eit par herresokkar av litt over halvparten av eit kjempenøste. No har rubbel og bit blitt brukt opp og eg har eit par lave sokkar til besøkskorga i gangen.

Garnet var forholdsvis tynt og eg brukte pinne 3 og 60 masker.

20140328-220725.jpg

Advertisements

Putetrekk

Kommenter innlegget

20140320-202439.jpg

Eg har endeleg funnet fram symaskina mi no når permisjonen min går mot slutten. Etter eit par dagar har det ikkje resultert i meir enn nokre knappehol, lappa ullundertøy(hol hol hol) og denne puta. Å sy putetrekk er gjort i ein fei. Eg trur det tok meg 10 min inkludert henting av overlock på boda og trøsting av liten knert midt i arbeidet.
Stoffet kom frå mamma og var akkurat passe stort til ei barnepute. 😊

20140320-203300.jpg

Oppskrift OL-lue

2 kommentarar

OL-lue 005

Her er OPPSKRIFT på min versjon av den norske OL-lua 2014:

Garn: Dobbel babyull

Heklenål: 5mm

Teknikkar: Magisk ring, fastmaske(fm), halvstav(halvst)

Str: 56/57-58/59

Lua er hekla ovanfrå og ned.

1. Lag ein magisk ring der du heklar 6 fm i ringen.

2. 2 halvst i kvar fm (totalt 12m)

3. *1 halvst i fyrste maske, 2 halvst i neste maske*, gjenta ut omgangen (18)

4. *2 halvst, 2 halvst i neste*, gjenta ut omgangen (24)

5. *3 halvst, 2 halvst i neste*, gjenta ut omgangen (30)

6. ..fortsett slik med ein halvstav meir mellom kvar øking til du har 60 – 66 m og hekl deretter ein halvstav i kvar maske til ønska lengd. Ta den på og prøv undervegs.

7. Bytt til raud tråd og heklenål 4mm og fortsett med halvstavar i 2 omg til.

8. Fest trådane.

OL-lue 001Ei stor og ei litt mindre og kortare(eg gjekk tom for tråd, men kanskje nokon likar den sånn også..?).

Melvin, Malvin og Balvin

Kommenter innlegget

002 På instagram følger eg ei dame som heiter bareanette rett og slett fordi ho lagar slike fine hekladyr. Oppskrift på desse kan kjøpast på epla.no. Frå venstre og mot høgre ser du Malvin, Melvin og Alvin (eller Balvin som 5-åringen syns var meir passande). I utgangspunktet hadde eg berre tenkt å hekle ein til minstemann, men det vart visst 3 stykker. Etter å ha strikka Malvin til Jonathan tenkte eg at Theodor kunne få ein i motsette fargar for å bruke opp restegarnet. Men hekling slukar(!) garn og eg hadde ikkje nok verken av grøn eller blå. Den grøne fekk eg juksa til med kortare bukse og kvite horn og den blå kjøpte eg ny av og fekk brukt på Alvin si bukse. Etter å ha hekla to var eg sånn passe lei og gjorde ein liten vri med å lage Alvin litt mindre enn dei andre to. Eg likar i grunn ikkje so godt å hekle, so no skal det strikkast i massevis!

Pocket clutch

Éin kommentar

251

Ei stund før jul hadde eg meg ein svingom med symaskina etter eit års tørke.. Det endte i ein liten stabel med slike små «lommebøker». Mønsteret fant eg hos Michelle patterns. Veldig kjekt med mønster ein kan få i pdf-format og ha på ein blunk.

252

Inni er det to lommer og den er festa med trykknappar. I oppskrifta var det brukt magnetknapp, men det hadde ikkje eg. (Note to self: hugs det neste gong du handlar systæsj.) Eg vurderte å prøve med borrelås, men knappar var enklast.

456

Snart skal eg finne fram symaskina igjen! Håpar eg…

 

Varme føter til jul

Kommenter innlegget

Fleire julegaver:
452

Tjukkelester til morfar. Strikka i eit tysk sokkegarn frå Gründl. Eg kjøpte eit kjempenøste på 150 gram og har heilt sikkert nok igjen til eit par til 5-åringen min også. Litt tynt garn, trur eg brukte pinne nr 3.

023

Tøfler til min kjære bror. Slike har eg strikka massevis av, og denne oppskrifta er alltid god å falle tilbake på. Eg har den berre i str dame, men la til nokre masker og strikka dei mykje lenger. Desse er strikka i østlandsgarn eller noko lignande som eg hadde liggande. Den mørkeblå kjøpte eg for å strikke fanakofte av då eg gjekk på folkehøgskule i 03/04. Eit av dei mange UFOane mine..

246

Sokkar i Sterk til finaste Irene. Dei er strikka med falske fletter og på p 3,5. Eg brukte omtrent to nøster til desse. I og med at eg hadde kjøpt 3 nøster for sikkerhets skyld er eg no igang med eit par til meg sjølv også.

Tova mus

Kommenter innlegget

020

Desse tovamusene laga eg til mormor til jul. Oppskrifta er frå Sandnes Garn sitt hefte 37: «Strikk og tov julen inn». Eg lurer litt på kva slags designarar sandnesgarn har ansatt for å lage oppskrifter til dette heftet. Strikkarar tvilar eg på at dei er. Musene skulle strikkast  fram og tilbake i 3 delar og syast ihop etterpå. Eg gjorde det på den fyrste, men den andre strikka eg heller rundt. Mykje betre.

Musene er strikka i Rauma sitt Finullgarn og pinne 5. Forkleet strikka eg på 2,5 med noko babyull eg hadde liggande.

 

Oppskrift: Strikk og tov julen inn, SandnesGarn

Garn: Finullgarn, Rauma

Pinnar: 5 mm

Older Entries Newer Entries