Petra Påskehøne

3 kommentarar

Dette er påskahøna Petra. Ho har tatt form over dei siste to vekene og er endeleg heilt ferdig. Oppskrifta fant eg i Arne & Carlos si bok; Påske hele året.

Arne og Carlos må vere to finurlege skruar som har satt saman den oppskrifta her. Sjekk ut hønebeina! Det var eit veldig artig prosjekt, sjølv om eg måtte klø meg litt i hovudet for å forstå kva dei meinte her og der. Heile høna er strikka frå kløra og opp. Eg har sansen for at alt strikkast saman istadenfor at ein må sy på lemmane etterpå. Samansying er noko tull(les: eg får det aldri fint). Det er beskrevet undervegs kva tid ein skal feste trådane og fylle vatt. Lurt, då ein fort kan tenke at trådfesting hører til ferdigstilling av prosjektet. Når heile greia er ferdig er der jo ikkje noko bakside til å feste trådane. Eg var heldigvis oppvakt nok til å oppdage det før det var alt for seint. Og det fine med å feste trådar etterkvart er at ein då er ferdig når ein er ferdig.

Påskehøna var eigentleg til mamma, men Theodor hadde so lyst å ha den sjølv og då var ikkje mormor vond å be. 😉 So no er eg igang med høne nr 2. Foreløpig har ho berre 6 grøne klør. Eg skulle ønske eg rakk mange høner før påske, men eg har nok alt for mange jern i ilden.

Petra har lagt eit egg. Forhåpentligvis kjem det fleire før påske.

Takk til tante Janne & co for fin bok! 🙂

Made by me

Éin kommentar

Ei av dei kjekkaste julegavene eg fekk i år var denne boka. Den er full av fine syoppskrifter frå flinke bloggarar. Og alt er laga med fine stoff! (Det eg har av andre sybøker har stort sett grelle fargar frå 80-talet.) Hittil har eg berre sydd bleiepose frå denne boka, men mykje anna fint skal lagast etterkvart. Der er mange enkle oppskrifter som passar utmerka for ein erfaren nybyrjar som meg.

Lappelek

Kommenter innlegget

Snille gode Mari har gløymt å avbestille denne boka av Grete Gulliksen Moe og lurte på om eg ville ha den. So no ventar eg spent på at den skal komme i posten. Den har oppskrifter på mykje fint småtteri, akkurat det eg elskar å pusle på med! Kjekt at du tenkte på meg Mari! 🙂