Etter at eg vart trebarnsmor i full kvardagsjobb har det vore minimalt med blogging og sterk reduksjon på handarbeidsfronten. Men noko har eg produsert og her er litt frå 2014, slik at eg får det ut av systemet:
IMG_5742 IMG_5696

Tøfler med falske fletter strikka i Sterk. Kjempedeilige! Lagde eit par i gåve og eit par til meg sjølv.

DSC_0082 IMG_2001 IMG_5234

Lommetøflene fekk heva status då eg kom på at det går an å hekle ein kant med kontrastfarge rundt åpningane.

IMG_2093

Denne puta strikka eg på bestilling då eg var HEILT inne i bella-mønsteret etter teppet til Sebastian. Den er strikka i noko mjukt og tjukt frå Nille.

IMG_5737

Mitt kjære søskenbarn ønska seg lue, og då fekk eg endeleg strikka uglene eg hadde sett på so lenge. Veldig kule! Eg har ei lue til som berre manglar auger i str 2-3 år liggande om nokon skulle vere interessert. Trur eg strikka dei i Sandnes Perfect og uglene fann eg på ravelry. Eller google. 😉

IMG_6071 IMG_6072

Bleiepose til babyshower for ei flott graviddame som er langt over graviditeten no.

IMG_7332

Julegåve til dei frostige bestemødrene mine. Pulsvarmarar med falske fletter. Eige mønster. Kanten øvst er ikkje hekla, men strikka. Den framgangsmåten fann eg på felisia sin blogg, og sjølv om det krevde konsentrasjon og var litt knotete vart resultatet bra og smidig.
IMG_7355 IMG_7357

Luer, tøfler og enda eit bellateppe. Denne gongen i babysilk til vesle Aron-Livander. 🙂 På dette teppet brukte eg ikkje 8 dagar, kanskje nærare 8 veker. Eller meir.

IMG_7528

Heklenål-etui i julegåve.

IMG_6555

Djevellue der eg ville ha spissen lang. Hadde planlagt å strikke 2-3 omg mellom kvar felling, men følte eg aldri vart ferdig og felte raskare på slutten. Den vart ikkje so lang som eg hadde tenkt, so neste gong fullfører eg planen. Kanskje.


IMG_5762Diggar denne dressen frå 2013. Passar fortsatt fint til Jonathan på 3,5 år.

Advertisements