Hjelpe meg! Det har gått over eit halvt år sidan sist eg blogga. Eg har ein god del ublogga prosjekt, men tida har ikkje strukket til det siste halvåret.

I kveld leita eg fram symaskina og overlocken og installerte meg på spisestuebordet for fyrste gong på aldri so lenge. Der blir eg nok ei stund, for det er jo so kjekt! Kveldens prosjekt var ein genser frå syboka til Heilt spesiell og Jubel. Eg oppdaga undervegs at eg ikkje hadde tvillingnål, men brukte berre enkel istaden. Det vart kanskje ikkje like profft, men det tar eg etter kvart. Eg gadd heller ikkje lese framgangsmåten so nøye, for å sy saman ein genser er ikkje akkurat rakettforsking. Eg rota det til då eg skulle sy kanteband langs halsen, og måtte klippe det vekk og starte på nytt. Andre gongen vart det betre. 😊

IMG_7311.JPG

Advertisements