094

Ei stund før jul strikka eg denne lekre genseren i julegave til vesle Maria på 2,5 år. Fargane kjem ikkje heilt til sin rett på bileta; den er ikkje like blass som det ser ut her. Garnet eg brukte var Dalegarn sitt Contiga. Utruleg mjukt og deilig! Spent på korleis det vert i bruk. Kunne godt tenke meg ein slik i voksenstørrelse.

243

Slik ser den ut foran. Den er strikka ovanfrå og ned på p 5,5. Då går det rimeleg raskt. Eg meina å hugse at eg fulgte mønster for str 4 år og då vart den berre litt stor til min 2-åring.

244

Baksida.

245Flette langs heile ryggen.

Oppskrift kan kjøpast her på ravelry

Garn: Dale Cotinga

Pinnar: 5,5mm

Tidsbruk: ca ei veke

Advertisements