005

Dette monsteret prydar rumpa til eldstemann her i huset. Buksa er strikka i Perfect frå Sandnes Garn og eg må seie maskestingsyinga har komt seg nokre hakk sidan forrige monsterbukse.

Eg starta fyrst på ei som vart aaaalt for vid. Då la eg op 150 masker trur eg. DET var i overkant mykje. Likevel strikka eg omlag ned til knea på begge sider. Deretter havna den i strikkekorga lenge. Eg vurderte fleire løysingar, men tok til slutt til vet, rakk opp alt og starta på nytt. Å rekke opp so mykje, for so å gjere det om att og heilt ferdig har eg aldri gjort før. Då eg starta på nytt reduserte eg maskeantalet til omlag 100 masker og strikka ei lang vrangbord for at den skal henge på magen uten strikk. Deretter auka eg til rundt 120 masker og strikka resten. Då vart den heilt perfekt til min slanke 5-åring.

010

Lang bukse til lange bein. Eg kunne kutta ut den siste grøne stripa, men no vert den i alle fall ikkje lita dei neste to sesongane. Mottakeren var veldig fornøgd og ville helst ikkje ha den på i barnehagen i fare for at den kunne bli ødelagt.

Oppskrift: dubedåre

Garn: Perfect, Sandnes Garn

Pinnar: 3,5 mm

Tidsbruk:2 mnd med to forsøk. 2 veker på sjølve buksa.

Advertisements