I russeavisa for Firdarussen 2003 står det at eg kan å strikke i vinkel. Farmor hadde lært meg korleis eg spøta hæl og eg fann i dei tider ut korleis eg skulle få til å strikke med to fargar. Dermed vart det sokkar til klassevenninnene mine med tekst på, som t.d. «ANE 18 ÅR». Vinkelstrikk har eg haldt fram med, og sjølv om det er langt nede på lista over artige prosjekt har det blitt ein del tjukkelestar opp igjennom åra. Og når eg fyrst kjem igang, so er det ikkje SO gale som eg skal ha det til. Det er berre det at det må lagast TO heilt like produkt. Og då er eg alltid møklei sånn omtrent midt i lest nummer to. Nok om det. Eg har spøta tjukkelestar:

001

Minstebroren har flytta til Bergen og kjøpt seg «vintersko» på eiga hand. Sidan han er pittelitt meir oppteken av utsjånad enn varme og velbehag måtte storesysta trø til og spøte tynne ullsokkar. Og dei skal sjølvsagt ikkje stikke opp over skokanten, dermed kort brot. Og hurra for det! Eg skal definitivt spøte fleire sokkar med kort brot.
003

Til desse brukte eg p 2,5 og eit restenøste med Sisu. Garnnøstet holdt akkurat! Eg hadde vel omlag 10 cm tråd igjen då eg var ferdig. Flaks. Igjen! Eg brukte faktisk oppskrift på desse; den finn du her.
iPhone Kathrine 1178

For nokre veker sidan var eg i Bergen og besøkte den nevnte veslebroren. Pappa køyrde og eg måtte ha enkel bilstrikk. Då vart det sokkar til knerten. Desse på veg til Bergen(med ferdigstilling då eg kom fram)…

iPhone Kathrine 1226

…og desse på veg heim. Igjen restegarn. Denne gongen vart det Mitu og 28m på p 3. Eg lagde to ulike hælar og vart absolutt mest nøgd med dei einsfarga. Dei held betre på foten. Betre, men dei held ikkje bra nokon av dei.

Babysokkar med tjukt garn – DET er ingen sak.

Advertisements