iPhone Kathrine 984

I nøstebarnboka er der ei god basisoppskrift på barnegenser. Den heiter rullegenser fordi brotet nede, på ermane og i halsen er strikka i glattstrikk slik at det rullar seg opp. Det ville ikkje eg ha, og dermed vart det ribbestrikka brot istaden. Eg har heller ikkje heilt sansen for den måten raglanfellinga var beskrevet og gjorde ei lita endring der.

Genseren er strikka i Hverdags og størrelse 4 år i antall masker, 6 år i lengda. Den vart akkurat passe til snart-5-åringen min.

Fotosession 025

Planen er var å brodere på eit artig mønster i samme farge som knappane, men akkurat no har eg alt for mange strikkeplanar til at det kjem til å skje. Eg likar godt den vesle stolpen med knappar mot halsen. Dei kan kneppast opp og igjen. Det kjipe med den løysinga er at du må strikke fram og tilbake på slutten. Det tar litt lenger tid og eg ER so utålmodig når eg strikkar..!

068

Oppskrift: Rullegenser, Nøstebarnboka

Garn: Hverdags frå Du Store Alpakka

Pinnar: rundpinne og strømpepinnar 3mm

Tidsbruk: 2-3 veker

 

Advertisements