iPhone Kathrine 196

I helga var gutane på ein liten ferietur til Innvik, og då vart det luestrikk til dei kom heim. Eg fant 3 halve nøster Sterk i ei av restekorgene; grå, blå og brun. Oppskrifta heiter Marram hat og finnast her.

iPhone Kathrine 171

Ein artig teknikk eg ikkje har strikka med før, men det vart i grunnen ganske so kjedelig når ein kom inn i det etter eit par runder. (I alle fall etter å ha strikka blad på bellateppet i time ut og time inn.)

iPhone Kathrine 182

Fyrst strikka eg ei brun og grå lue. Oppskrifta var berre til vaksne, og eg la opp 12 masker mindre for å forhåpentligvis få ei i barnestørrelse. Det fekk eg, men ikkje so stor som eg hadde tenkt. I utgangspunktet tenkte eg den til Theodor(4,5år), men den vart til og med lita for Jonathan(2år). Men vi har no heldigvis ein gut til på veg som kjem til å trenge luer.

iPhone Kathrine 193

I og med at eg ikkje fekk prøvd luene på gutane før dei var ferdige, trudde eg at den brune ville passe til Jonathan og la opp 6 masker meir for å strikke denne til Theodor. Den vart passe til Jonathan. Begge er litt korte, so om eg berre hadde strikka nokre omgangar ekstra ville dei nok passa betre.


iPhone Kathrine 199

Eg gjekk tom for grått garn, so denne vart blå på toppen. I tillegg måtte jukse littegrann på slutten for å få det til å gå opp. Då eg festa den blå tråden var det berre 10 cm til overs.

No må eg finne noko anna restegarn og strikke ei litt større ei til Theodor. Eg har ein dæsj med raud Sterk, kanskje det kan brukast..?

Oppskrift: Marram hat

Garn: Sterk frå DSA

Pinnar: 3mm og 3,5 mm

Tidsbruk: Ein kveld på kvar

 

Advertisements