bellateppet 033

For halvanna veke sida kom eg over dette teppet på ein blogg og MÅTTE berre lage det. Syns det var heilt fantastisk nydeleg. Det heiter «bellateppe» og finnast i eit dansk hefte, Babystrik på pinde 3, laga av ei som heiter Lene Holme Samsøe.

Etter ein tur på «Eid Miljø»(ein fantastisk strikkebutikk med eit utruleg teit navn..) havna det 7 nøster Mirasol i veska mi. Det er litt tjukkare enn det som var brukt i oppskrifta, og eg gjekk i tillegg opp ein pinnestørrelse, til 3,5. Dermed vart teppet mitt 74×92 cm istadenfor 62×80 cm som stod i oppskrifta. Veldig greit! Eg valgte å strikke rillestrikk rundt kantane istadenfor perlestrikk. Mest fordi det er riller innimellom bak «blada».

Dama bak den fine strikkebloggen Hekta på strikk hadde brukt 12 dagar på teppet sitt. Eg tenkte at DET skulle no eg og klare. Då hadde eg vel 10-12 dagar til termin. Eg starta med eit nøste om dagen dei fyrste 4 dagane. Deretter dalte det litt, men eg klarte jammen å få det heilt ferdig på berre 8 dagar! Totalt har eg då strikka ca 870 meter garn på litt over ei veke. Det går berre an om ein er i permisjon og har ungane i barnehagen. 😉

bellateppet 001

Samtidig har eg strikka ei blå lue av Hverdagsgarnet eg har strikka elefantbukse, tøfler og jakke av. Eg har framleis nesten eitt nøste igjen, men no veit eg ikkje kva eg skal lage av resten. Vottar har vi vel ikkje bruk for no i juli?

bellateppet 018

Dette blir hentesettet til denne vesleknerten. Jakke, tøfler og lue. Og teppet soklart!

bellateppet 032

Sånn! No havnar det i fødebagen og knerten kan berre kome. Eg har 2 dagar igjen til termin og håpar minstebror ikkje har tenkt å vente alt for lenge før han kjem og hilsar på oss. 🙂

 

Advertisements