005

Eg likte so godt blåfargen på det Hverdagsgarnet her og kjøpte vel 5-6 nøster då eg var på strikkebutikken. Dermed var det fort gjort å trylle fram ei jakke til vesleknerten. Eg lurte lenge på kva slags jakke eg skulle strikke, og planen var ei som matcha elefantbuksa. Plutseleg kom eg på at dette mønsteret frå Marte Helgetun hadde små størrelsar og vips har knerten ei jakke som sikkert er passe dei fyrste vekene. Bur ein på Vestlandet har ein bruk for strikkajakke i juli. 😉 Buksa derimot er vel meir str 3 mnd. Og eg fann heller ikkje elefantknappar til å ha på jakka. Dermed vart det saueknappar istaden. Det gjer jo ikkje noko når det ikkje kjem til å bli brukt samtidig likevel. Trur eg.

006

Jakka skal eigentleg strikkast i.. ja, kva var det? Eit anna garn i alle fall. Muligens derfor den vart ganske so smal. Men eg skal nok klare å strekke den rundt magen på knerten likevel. Då eg kom til ermane stod det ikkje noko i mønsteret om kvar eg skulle felle til ermar. Eg delte maskeantalet på 4 og tok 1/4 del til kvart forstykke. Etter å ha strikka det eine såg eg at eg hadde tenkt litt feil, men å rekke opp gjer eg ikkje om det er strengt nødvendig. Og eg satsar på at den uansett blir fin på. (Note to self: Ha fleire masker på forstykka neste gong).

 

Oppskrift: Jakke med fargeglade knapper, Marte Helgetun

Garn: Hverdags frå Du Store Alpakka

Pinnar: 3mm og 3,5 mm

Tidsbruk: 4 dagar

Advertisements