iPhone Kathrine 1200

 

I haust då eg var på jobb og tok buss i 10 dagar måtte eg ha eit avbrekk frå Paulie-strikkinga mi. Heldigvis hadde den flotte dama eg delte sete med oppskrift på slike søte tøfler. Dermed vart det eit par slike i gave til vesle Oddmund. Veldig raske og kjekke å lage. Fyrst NO ser eg at om eg ikkje hadde strikka dei hadde eg ikkje trengt å kjøpe ekstra garn til jakka mi. 😉

juni13 054

Mammaen til Oddmund kunne melde om eit litt vel kort brot, so no når eg strikka til knerten i magen laga eg det dobbelt so langt.

juni13 063

Heller ikkje dumt med nedbretta brot. Tøflene er strikka i samme garn som buksa med elefantar på, so no manglar eg berre jakke og lue og vips har knerten eit heilt hentesett(muligens i litt stor størrelse..).

 

Oppskrift: Frå ei flott dame på ein buss i Europa

Garn: Hverdags (ull+alpakka)

Pinnar: 3 mm

Tidsbruk: 2 kveldar

 

Advertisements