ville rille

Etter god inspirasjon og mange spark bak frå ei alt for effektiv strikkevenninne vart det jammen nytt teppe til knerten i magen. Eg er i utgangspunktet veldig skeptisk til mitt tolmod kombinert med teppestrikking. Og spesielt rillestrikk. Gjesp!! Det skal seiast at eg stod i mot teppestrikk so godt eg kunne, men då pickles hadde portofri dag for omlag 3 veker sidan, og mobilen min vart fylt av bildemeldingar med oppskrifter og garnidéar gav eg etter for presset. Valget falt på Ville rille babyteppe og garnkombinasjonen Ella. Det grøne garnet har mykje meir fargespel i seg enn det ser ut på nettsida deira. Nydeleg er det!

iPhone Kathrine 1191

Eg har ikkje strikka so mykje frå pickles tidlegare, men av det eg har prøvd har ikkje garnet imponert meg. Denne gongen vart det noko anna heldigvis. Det er utruleg mjukt og deilig, og med pinne 6 blir teppet veldig lett og luftig. So håpar eg berre at det ikkje nuppar like mykje som enkelte andre picklesgarn har gjort..

juni13 067

Då eg var halvvegs og skulle byte til neste nøste var eg sånn passe lei og måtte ha litt avveksling med luestrikk. Eg var også spent på korleis det grøne garnet kom til å sjå ut aleine og i glattstrikk. Matche teppet gjer det i alle fall!

juni13 073

Rundt kanten hekla eg ei rad med grå fastmasker. Mest fordi det ikkje såg so fint ut før. Det er ikkje perfekt no heller, men det kom seg.

iPhone Kathrine 1236

Jonathan har prøvekjørt babyen sitt teppe og det var stort nok til han i massevis! Teppet er breiare enn det er langt, noko som sjølvsagt har litt med at eg brukte opp noko av garnet til lue undervegs, men eg trur likevel at eg neste gong legg opp 20-30 masker mindre og heller får det litt lenger og meir firkanta.

juni13 076

Gler meg til å pakke knerten inn i det teppet her!

Oppskrift: Pickles Ville rille babyteppe

Garn: Abuelita 4-tråds merino

Pinnar: rundpinne 6 mm

Tidsbruk: ca 3 veker

Advertisements