007ENDELEG!!

Eg starta på denne i september 2012 då eg var på 10 dagers busstur med «kvite bussar». Eg tenkte at det måtte vere eit supert bussprosjekt, og det var det. Men at det skulle ta SO lang tid hadde eg aldri sett for meg.. Eg brukte HEILE den fyrste dagen berre på rillestrikken øvst. Og mykje av det er jo krage som er strikka på etterpå. Etter turen hadde eg kanskje strikka 2-3 striper med turkis. Etter det har eg hatt små periodar der eg har strikka på den(leeeei!), og eg har hatt behov for mange mindre prosjekt i mellomtida. Den var heilt ferdigstrikka for 2-3 veker sidan, og i dag fekk den knappar på, vart dampa og er HEILT ferdig! Oh, lykke!

006

Paulien er strikka ovanfrå og ned, noko som er kjekt heilt til du startar på ermane. Då har du plutselig eit vel stort arbeid å snu rundt på, spesielt på siste armen. Oppskrifta lasta eg ned gratis frå Ravelry, og det måtte litt googling til eit par gongar for å tolke alle dei engelske strikkeuttrykka. Eg tok mål før eg strikka den, og då passa alt i forhold til str M, utanom overarmane mine. Der var til og med XL for lite! Eg fulgte likevel oppskrifta sånn omtrent, og den går akkurat over dei enorme musklane mine(..?) utan at den vert sprengt. Skulle eg strikka den igjen ville eg nok prøvd å fått litt fleire masker øvst på ermane. Slik som den er no er dei omtrent like vide smale heile vegen.

I oppskrifta har ermane 3/4 lengd, noko eg ikkje oppdaga før eg var godt i gang med det fyrste ermet. Mine er lange og dekkar omtrent halve handa, akkurat slik EG likar det. Eg lurte litt på om eg skulle lage dei litt smalare rundt handledda, men valgte å følge oppskrifta og er nøgd med det.

008

Det aller kulaste med jakka er den turkise kanten som går rundt knappestolpen og kragen. Den er i utgangspunktet strikka på samme måten som banda eg strikkar til djevelluene, men eg har aldri sett det brukt til kanting før. Smart!

På engelsk heiter teknikken «i-cord bind off», og eg veit ikkje om det finnast eit godt strikkeord på norsk. Smart var det i alle fall!

010

OppskriftPaulie

GarnHverdags, ca 8 nøster a» 50 gram (jakka veg 384 gram med knappar)

Pinnar: rundpinnar og strømpepinnar 2,5 og 3 mm

Tidsforbruk: 8,5 mnd

Advertisements