Mai2013 068

Då har knerten i magen fått si fyrste strikkabukse. Den er strikka i Hverdags etter Du store alpakka sitt hefte nr 15: STRIKK til baby. Eg strikka inn ei rad med elefantar øvst og ei med babyelefantar nede på eine foten. Dei nede på foten liknar kanskje ikkje heilt på elefantar, men men.. Knappane er frå ei jakke eg ein gong hadde. Eg klipper alltid av knappane før eg hiv gamle plagg. Dei kan kome til god nytte seinare.

Mai2013 067

Eg var litt usikker på om eg skulle strikke ribbestrikk eller evt sette i ein strikk nederst, men buksa er strikka i str 3 mnd og eg tenker det skal gå bra utan. Evt går det raskt å sette inn ein strikk innanfor det innbretta legget nederst.

Eg har sansen for Hverdags-garnet. Det har 60% alpakka og 40% ull. Ein super kombinasjon! Ulla gjer at det ikkje vert like «slapt» som reint alpakkastrikk. Og i tillegg er det rimelegare enn dei andre alpakkavariantane. Ikkje dumt.

Oppskrift: Hefte 15: STRIKK til baby, Du Store Alpakka

Garn: Hverdags frå Du Store Alpakka; 2 nøster blå, litt grå

Pinnar: 2,5mm og 3mm

Advertisements