Påske2013 087

Her er heile påskefamilien min! Noko frå i fjor, nokre kyllingar frå året før og noko frå i år.

Mykje vert gitt bort, men dette fyller opp påskekassa mi når eg no pakkar den vekk for i år. Litt trist, men eg kan allereie glede meg til å finne dei fram igjen om eit år.

Påske2013 059

Denne høna fekk bustad hos svigers i år og la eit egg i same slengen.

Påske2013 068

I år vart det også ei jålehøne. Ikkje veldig påskete, so denne kunne nok stått framme lenger. Mulig at jålehøna Josefine får ny heim etterkvart.

Påske2013 085

Helene hønemor og Harald hønefar. Saman har dei lagt eit egg. Skal tru om det poppar ut ein kylling etter kvart..?

Påske2013 081

Harald hønefar fekk ein artig vri med tofarga vingar, den eine litt meir grå enn den andre.

Påske2013 083

Eg diggar å lage høneklør. Dei ER so kule!

Oppskrift: Arne og Carlos si bok Påske hele året

Garn: Østlandsgarn o.l. frå restelageret

Pinnar: 3 mm på Helene og Josefine, 3,5 mm på Harald

Advertisements