20130309-230537.jpg

Eg har funnet fram igjen påskeboka til Arne og Carlos. Fyrste prosjekt ut vart ein hare til Theodor. Den måtte sjølvsagt vere blå. Han elskar nemleg blå! …og grøn og grå. 😉
I oppskrifta brukar dei falk-garn og p 2,5. Eg trur eg brukte østlandsgarn(eit umerka nøste fra lageret) og p 3. Det samme gjorde eg på genseren, men med p 3,5 på glattstrikken. Eg fulgte ikkje mønsteret på genseren, for det er jo egentlig ikkje SO vanskelig å strikke ein liten genser når ein har strikka eit par store før. Det eg ikkje tok høgde for var at genseren skulle PÅ. Halsen var ganske trang, men med litt innsats gjekk det akkurat.

Eg brukte litt meir enn eitt nøste blått og kan då trekke ca 60 gram garn vekk frå garnlageret. 🙂

Advertisements