008

Eg rydda på boda og fann ein stor pose med fritidsgarn! Det passa perfekt, for det var akkurat den dagen eg gjekk rundt med ein tøffel-idè i hovudet. Oppskrift hadde eg ikkje, men eg prøvde meg fram og dette vart resultatet. Dei vart litt store til meg, men heilt passe til Frode. Dermed vart det pappatøfler.

011

Under foten har den høgre sålen annan farge. Det er sjølvsagt berre for at Frode ikkje skal ta feil, og ikkje fordi eg gjekk tom for turkis. 😉

– ca 150 gram restegarn! (Kanskje eg burde vege opp garnlageret mitt..? Eller kanskje ikkje.. Sist eg gjorde det hadde eg 7 kg. Det har mest truleg ikkje krympa det spor sidan då. Nye ting kjem inn, noko går ut. Eg har eit lite garnkrympingsprosjekt på gang, men det er ikkje noko eg annonserar høgt altso.)

Oppskrift: Eige hovud

Garn: Fritidsgarn

Pinnar: Rundpinne str 7

 

Advertisements