Feb2013 040

Vesten har fått sokkar til. Medan vesten var strikka med dobbel tråd og p 5 strikka eg sokkane med enkel tråd og p 3,5. Eg lagde samme mønsteret i brotet og ei «flette» oppå framme. Ikkje so lett å sjå på biltet, men satsar på at det kjem til sin rett med kvit strømpebukse under.

Feb2013 041

Sokkane vart også heeeilt fantastiske! Dei er så lette og luftige at dei kan sikkert kan strekkast etter foten i eit halvt år. Eg fekk brukt opp nesten alt eg hadde igjen av garnet. Tilsaman på vest og sokkar gjekk det altso rett under 50 gram! Og i Soul Dreamline vil det seie to nøster. Love it!

Sokkane har eg ikkje mønster på, men eg la opp 36 masker på p 3 og strikka vrangbord eit stykke. Deretter felte eg til 35 m og strikka mønster med 3 rettmasker mellom kvar flette. Eg har stadig vekk planar om å legge ut ei oppskrift eller to på sokkar, kanskje det dukkar opp etter kvart..?

Advertisements