Feb2013 035

Jonathan har fått seg ny dress i spreke fargar. Mønsteret er frå Nøstebarn og den er strikka i str 3 år. Fargeval og striper er sjølvkomponert. Eg fekk for meg at eg måtte lage noko friskt og fargerikt, og det kan eg jo trygt seie meg fornøgd med at det vart.

Feb2013 037

Eg hadde fyrst tenkte å strikke i Holst Garn, men det må bestillast frå Danmark og då er det sånn makk med den tollgrensa. Og Gule Silje(jepp – hon veit ALT) sa at den norske nettbutikken malsenogmor.no skulle ha samme garn under eit anna navn; Shetland soft. Dei hadde ikkje like rikt fargespekter, men eg fann igjen dei fargane eg allereie hadde plukka ut hos Holst Garn. Garnet kjennast litt hardt ut, men det er fordi det er fullt av spinneolje, noko som går vekk i vask. Etter vask er den like «mjuk» som om den skulle vore strikka i nøstebarn eller shetlandsk lammeull frå 123knit.com. Eg er foreløpig veldig fornøgd med garnet. Det er billegare enn nøstebarn sitt og du slepp å hespe det ut sjølv.

Grunnen til at dressen ser skitten ut øverst er berre at nokon har klatta på linsa mi med klissete fingrar. Skal tru om det kan vere karen under her…:

IMG_0759

Eg strikka dressen ferdig då eg var vekkreist på jobb forrige veke og fekk testa den på veslekaren som nekta å sove då eg kom heim fredag kveld. Størrelse 3 år funkar fint med oppbrett no, og sikkert heilt passe til hausten igjen.

IMG_0795

In action! 🙂

 

Oppskrift: Heildress i dobbelt garn, Nøstebarn

Garn: Shetland Soft frå malsenogmor.no. 2 nøster «brun coffe», 2 nøster «turkis akvarius»,

2 nøster«grønn calypso» og eitt nøste «oransje spice».

Pinnar: Strømpepinnar str 3,5 og 4

Rundpinnar str 3,5 og 4

Advertisements