Det er rimeleg sikkert at knøtet i magen ikkje er ei jente. Då vart det ikkje kjolestrikk denne gongen heller, nen heldigvis finnast det mykje fint til gutar også. Mønsteret til denne kjøpte eg frå Marte Helgetun ei god stund før jul. For ei flink dame! Og so brukar ho so fantastisk garn i oppskriftene sine! ❤ Du store alpakka ❤

S

Eg brukte 2 nøster Soul og strikka med dobbelt garn. Då har eg framleis nok til eit par sokkar i enkelt garn. Dei er på pinnane no, lettare enn fjør! Soul selgast i nøster på 25 gram, so denne vesten er vel maks 35 gram tilsaman. Nydeleg og mjuk! Og rask å strikke. Anbefalast på det varmaste!

Advertisements