Hobby 002

Tjukkelesta er ikkje mi sterkaste side. Elller.. Altso. Tjukkelesta er kjedelig. Eg begynte på dei her på ein busstur i september i fjor. So vart dei liggande. Og liggande. Og liggande. Heilt til no siste veka. Eg og Frode har hatt Dexter-maraton og då gjekk det unna med sokkestrikkinga! Eg hadde eit digert nøste kjøpt i Finland (enda tidlegare i fjor) og tenkte at det holdt no sikkert til to sokkepar. Men to sokkepar vil jo seie FIRE sokkar, og eg veit av erfaring at eg allereie kjedar meg på nummer to. So då vart det vottar til Theodor istaden. Det var flaks, for det var ikkje særleg med garn igjen etterpå. Og vottar treng vi alltid!

Hobby 005

Eg gjekk ikkje inn for å få sokkane eller vottane til å ha stripene på samme plass, men på vottane vart det nokonlunde likt likevel. Dei vart testa i barnehagen i dag og har tova seg ein smule. Skal tru om det ikkje er superwash likevel..?

Neste prosjekt: Nøstebarnvottar til Jonathan. Sjølv om fram og tilbake-strikk heller ikkje er favoritt. Små vottar til små hender må vel gå raskt? Eg har eit par restenøster liggande…ein plass..

Advertisements