Desember2012 203

Det siste prosjektet eg rakk i 2012 var ei pixielue til Jonathan. Eg lurte litt på om dei kanskje var litt jentete, men den vart jo riktig so søt. Storebror må få ei han også! Og den skal vere grønn, for det har han bestemt.

Oppskrifta fann eg her, og den var veldig grei å strikke. MEN eg stussa litt (noko det ikkje såg ut til at nokon andre hadde gjort…!?) på at det står «Fortsett slik med å strikke med to masker mer hver tredje pinne og tre pinner rett og tre pinner vrangt i begge ender til det ikke er flere masker å ta med.» Litt vanskelig å forstå om du ikkje har strikka lua, men logikken tilseier at du skal strikke to masker meir kvar 4. pinne og ikkje kvar 3. For å vere på den sikre sida måtte eg finne fram til oppskrifta på engelsk og få bekrefta mistanken min. Kvifor stussa ingen andre på det? Og konklusjonen er: Du SKAL strikke to masker meir kvar 4. pinne.

Eg brukte to nøster Alpha kjøpt på Europris og strikka med dobbel tråd. Eg fulte maskeantallet til størrelse 2 år og den vart perfekt passeleg til minsten på 1,5 og gjekk fint på hovudet til storerbror på 4. Eg elskar blåfargen og er spent på kvaliteten på garnet. Eg las ein plass at det var ei perfekt oppskrift for å bruke restegarn. Restegarn??!! To heile nøster er ikkje restegarn. To heile nøster er jo eit heilt eige prosjekt. Vertfall i mi verd.

Advertisements