Då er jula over og det er på tide å vise fram litt av desemberprosjekta mine. Det vart ikkje so mange heimelaga gåver under treet i år, men her er i alle fall den eg brukte mest tid på:

Desember 023
Toalettmappe med englar på til finaste Irene som alltid lagar flotte gåver til meg. Mønsteret heiter «mormors toalettmappe» og eg sydde ei i samme mønster for halvanna år sidan. Den hadde bilete av mamma då ho var lita på og er blogga om her.

Desember 017

Eg hugsa at det var mykje arbeid med denne mappa og har utsett lenge å starte på den, men då eg fyrst hadde fått klipt til delane gjekk det i ein fei. I alle fall ei stund. Framsida og baksida gjekk knirkefritt, innmaten gjekk også greit, men so var det toppen…

Desember 024

Å få til toppen er noko drit. Eg hugsa at eg sleit veldig sist, og det gjorde eg jammen den gongen her og. Eit år ekstra syerfaring hadde ikkje den døyt å bety. Det MEST frustrerande var då eg i ein ufokusert augneblink klarte å dra glidelåsen heilt av. Eg hadde klipt vekk bakdelen fordi den var for lang og ikkje festa den på nytt. Vips – der gjekk den dingsen du drar i rett av (sjølv om eg hadde mantra inn at eg ikkje skulle gjere det..) og mappa flaug veggimellom medan glosene rant laust. Eg såg for meg at Irene kom til å få eit kort med eit bilete av den fine mappa og teksten denne kunne du ha fått… ilag med ein pakke sjokolade som plaster på såret. HELDIGVIS har eg sjølvaste Primula Design som nabo og for ho var jo ikkje dette noko sak. Ho satte berre glidelåsen på feil veg (då var det jo ingen sak å få den inn på sporet igjen) og so hadde eg ein halvtimes arbeid før heile mappa var ferdig. Oh, lykke! Takk takk takk for at eg har ei dyktig sydame til nabo!

Desember 022

Eg syns dei hjørnene her er so fine! Fyrste gong klødde eg meg i hovudet ei god stund før eg fekk det til, men gong nummer to gjekk som smurt. Hadde eg berre funnet på noko anna for å få til lukkinga på toppen skulle eg laga mange mapper..! Og heldigvis, og berre som det er sagt; mi kyndige synabodame var heilt einig i at toppen var dustete og vanskelig å få til! 😉

 

Advertisements