Her om dagen kom eg på at eg har ei bok med oppskrift på barnekle: «Børnetøy du selv kan sy». Då passa det fint at eg samtidig fekk ein pakke frå Stoff og Stil. Etter å ha studert mønsterarket opp og ned og i mente såg eg i boka at denne buksa ikkje fantes i str 1 år, som var det arket eg hadde funnet fram.. Dermed vart det str 2 år istaden, utan tillagt sømrom. Eg slengte på ribb istadenfor ein fald med strikk inni oppe og nede. Buksa er truleg meir passe til Theodor på 4 enn Jonathan på 1. Eg antar at det er store størrelsar i boka og noterar det bak øyret til ein annan gong.

Den vart enkel i utforminga, og var i bunn og grunn berre ein test for å sjå korleis mønsteret var. Men eg er rimelig sikker på at den kan brukast. Kanskje dukkar her opp i-bruk-bilete etter kvart.

Buksa er sydd i velour/chenille frå Stoff og Stil, og den er eigentleg litt meir babyblå enn den ser ut her.

Advertisements