For omlag to år sidan var  eg og Halldis på Stoff & Stil og kjøpte oss ullfilt til å sy oss kjolar. Eg var ein smule gravid og utsatte prosjektet på ubestemt tid. Heilt til no i haustferien faktisk. Då vart den grå ullfilten endeleg til kjole:

Eg brukte eit mønster eg hadde liggande, som i utgangspunktet var ein Spencerkjole frå Stoff & Stil (og som eg forøvrig prøvesydde i eit fleeceteppe frå Ikea for omlag 3 år sidan..). Med eit par små grep gjorde eg det om til denne.

Eg lurte på å fjerne saumen midt bak, men er veldig fornøgd med at eg ikkje gjorde det.

Nederst pynta eg med eit band eg hadde liggande, og eigen merkelapp måtte sjølvsagt på.

Eg lurte litt på korleis eg skulle avslutte kantane i halsen og rundt armane og endte med å berre brodere slike sting (eg veit at dei har eit navn, men eg hugsar ikkje det i farta…kommenter gjerne). I og med at ullfilt ikkje raknar har eg ikkje gjort anna enn å brodere stinga rett på. Nederst på kjolen la eg inn litt før eg sydde på bandet.

Neste prosjekt er ein litt smalare modell til ei vakker kvinne når ullfilten kjem i posten. 🙂

 

Kva med deg Halldis, har du sydd din kjole..? 😉

 

 

Advertisements