Eg har hatt ei veke haustferie og, etter å ha pakka ut det meste av siste del av flyttelasset, har eg unna meg litt etterlengta sytid. Eg og Kristine Sofie hadde sydag i går og eg lærte ho å sy pose og sminkepung. Ingen tar ting so fort som ho!

For ei stund sida kjøpte eg ein heil haug med fine stoff på Lappestua på Eid. Dei hadde supersalg på stoffbitar og eg gjekk sjølvsagt amokk. Fram til i dag har desse flotte stoffa berre lagt i ein pose på syrommet, men då eg tok dei ut falt eg pladask for to blå og kvite stoff som eg eigentleg ikkje hugsar at eg kjøpte. Lykke!

Den eine stoffbiten vart til ein pose til spøtet mitt. Artig å kunne sy navn med maskina! Under blondene gøymer det seg to knappar slik at eg kan bruke lomma foran til målband o.l. Oppskrifta på slike posar kan du finne her. Eg brukar stort sett å bruke blondeband eller andre ferdige band til snøring, men denne gongen hadde eg ikkje noko som var langt nok og måtte lage sjølv. Det er eigentleg ganske lett, spesielt med skråbandsbrettar, men det tar lenger tid og eg likar ikkje ting som tar lenger tid. 😉

Av det andre stoffet laga eg ei sminkemappe. Eg har klipt ut alt til ei lik ei i det andre stoffet, so kanskje den vert ferdig i løpet av helga?

Advertisements