Snart kjem det ein ny liten verdsborgar på Sunnmøre. Han skal få ei deilig jakke strikka i Soul og Air. Mønsteret er frå Marte Helgetun og heiter «a-jakke i drømmegarn». Og drømmegarn var det verkeleg! Fantastisk mjukt og lett og deilig. Eg skal definitivt strikke fleire slike jakker.

Det viser kanskje ikkje so godt på dette biletet, men eg syns armane vart litt store i forhold til bolen. Både i vidde og lengd. Neste gong skal eg flytte eit par av maskene på kvar arm over til midtpartia foran og bak tenker eg. Eigentleg skulle den ha vore enda kortare enn på biletet, men eg strikka so lenge eg hadde tråd. Soul-garnet vart heilt brukt opp, medan eg har ein god del igjen på Air-nøstet enda. Kanskje halve?

Marte Helgetun lagar veldig fine mønster, og eg hadde veldig sansen for detaljen med knapp på ermet.

Og so eit slag for garna i Dreamline-serien: Fantastisk luftige og deilige! Greit nok er det dyrt med 59kr for 25 gram. Men når dei har like mange «løpemeter» som garn på 50 gram kan ein jo ikkje berre sjå på vekta.. 🙂

Advertisements