No var det jammen lenge sidan eg har blogga…! Eg tok visst sommarferie ser eg. Lite produksjon på sommaren, men noko har det vore. Det dukkar kanskje opp litt her etterkvart som eg får makka meg til å ta bileter. Eg har starta i ny jobb og har ikkje overskudd til ein ting lenger. Strikkinga er kraftig redusert og symaskina støvar ned. 😦

For tida har eg blant anna desse to prosjekta på pinnane:

Eit teppe i bestemorsruter/oldemorsruter til verandaen. Foreløpig har eg omtrent so mange lappar som du ser der. Eg har brukt europris sitt alpakkagarn og heklenål nr 5. Då vert dei veldig lette og luftige. Eg kjenner meg sjølv godt nok til å forstå at det ikkje blir teppe på denne sida av jul, påske eller pinse, men kanskje rundt neste sommar viss eg er heldig. Og flittig. Og om nokon føler kallet er det sjølsagt fritt fram å sende meg ferdighekla lappar. 😉

Silje tipsa meg om gratis oppskrift på denne jakka rett før eg skulle ut på ein eviglang busstur. Den strikkast frå toppen og ned, ein artig vri som eg ikkje har testa før. Rillestrikken på toppen var utruleg langdryg, men unnagjort på eit døgn. Hadde det ikkje vore for at eg ikkje hadde anna å ta meg til hadde det nok tatt veker… No er eg omtrent halvvegs ned på magen (har ikkje strikka armane). Eg strikkar i Hverdags frå Du store alpakka. Grå som på biletet, men med turkise striper.

(Biletet er lånt frå Ravelry)

Advertisements