Eg vart hekta og har laga tre nye luer.

Her er alle 4 som er sydd med for. To i str 3/4 år og to i str 1 år.

Dei mønstera eg teikna  i str 51 cm passa perfekt til Theodor. Å lage mønsteret er eit studie i seg sjølv, men når ein endeleg har fått alle strekane på rett plass er resten berre ein leik.

Vi hadde ein gammal body etter gutane som er lite brukt på grunn av dårlege knappar. Den har no fått nytt liv:

Kult å kunne bruke gamle kle til nye ting.

Innsida av body-lua matcha heilt heildressen eg sydde for ei stund tilbake.

Advertisements