Eg fann ei fin oppskrift på barneluer her og har sydd nye sommarluer til gutane.

Den fyrste sydde eg seint ein kveld rett før leggetid. Eg berre skumma raskt igjennom oppskrifta med eitt auge og overlocka den saman i ein fei, ganske på slump. Den vart akkurat i minste laget, litt rar og litt søt. I dag tidleg fann eg fram mønsteret igjen og las framgangsmåten. Då oppdaga eg at lua eigentleg skulle ha innerfor.

Dermed vart det lue med innerfor til storebror. Stoffa er frå Stoff og Stil.

Ganske kult med lapp med merkenavnet sitt på toppen. Lua med for vart heilt klart 14 hakk betre enn den utan. Då ser ein ikkje saumane på innsida OG den kan brukast på «vranga» om ein vil. Kult!

Eg hive meg rundt og syr ei til! 🙂

 

Advertisements