Siste rest av det kule uglestoffet mitt vart til ei sminke/strikke/toalettmappe. Eg skal definitivt kjøpe meir av dette stoffet neste gong eg handlar. Og so må eg berre nevne at eg er veldig fornøgd med å ha merkelapp og syns det ser veldig bra ut.

Eg tenkte eg skulle vere effektiv og klipte til 3 stykker lilla stoff med prikkar(eg har av ein eller annen grunn absurd mykje lilla stoff med prikkar). To mapper vart ferdige, ei halvvegs. Hastverk er lastverk, og eg gløymde å sy på hemper på denne. Men den fungerar no fint likevel.

Enda ei lilla mappe.

Denne laga eg for lenge sidan, kanskje rett etter jul. No har den også fått lapp med sau[m], sydd på for hand.

Inni mappene har eg brukt overlockmaskina mi for å få fine kantar som ikkje skal rakne. Det gjer at det heile ser mykje proffare ut. Igjen: tommel opp for overlock!

 

Advertisements