Eg har no fått meg mitt eige merkenavn: sau[m]. Eg har lenge hatt lyst på merkelappar til å sy på det eg lagar, og etter eit kreativt kaffiibesøk med barselgruppa kom lure Malin med den endelege idéen: sau[m]. Eg ville ha noko som passa både til spøt og saum. Og det gjer det jo. (Nokon som treng forklaring?)

Her har eg montert lappane på to nystrikka babyluer. Eg sauma dei fast med sikksakksaum på maskina.  Eigentleg er lappane større og har ein knapp til venstre, men den måtte eg klippe vekk for at dei ikkje skulle ta for stor plass på lua. Det kjem fleire lappebilete framover slik at eg får vist dei fram. 😉

Lita lue i størrelse nyfødt og babysilk. Eg hadde omlag ein meter kvitt og to meter rosa etter lua. Iskald berekning og god utnytting av restegarn.

Tuva-lue. Eg strikka ei slik på bestilling til vesle Tuva då ho var mykje mindre og den passar endå. Den har visstnok vakt oppsikt både her og der, so no vil snart eit nytt lite jentehovud få varme seg under ei slik lue. Og eg skal strikke fleire.

 

Advertisements