Her om dagen fekk eg for meg at eg skulle sy pute til tripp trapp-stolen til Theodor. Eg teikna sånn omtrent omrisset frå ei ekte tripp trapp-pute, var ikkje nøyaktig i det heile, la stoffa saman med litt rest av ei dyne inni og sauma det saman. Sauestoffet var ikkje stort nok, so eg brukte strikk til feste istadenfor stoff. Enkelt og greitt. Eg har sydd knappehol, men ikkje klippa det til, i og med at Theodor ikkje treng det. Heilt på slump, og sånn passe skeivt resultat. Neste gong skal eg vere meir nøyaktig. Neste gong. Den funkar og Theodor vart kjempefornøgd.

Advertisements