Då er påskestrikkinga offisielt over. Siste påskedag var i går og haren vart heilt ferdigstilt i dag tidleg.

Eg syns eigentleg haren var eit større prosjekt enn hønene, men det kan vere fordi eg konstant vart avbrutt og eigentleg var litt lei heile strikkinga. Øyrene var eit herk. Det grøne strikka eg med østlandsgarn, medan haren var i safirgarn(note to self: østlandsgarn er tjukkare enn safirgarn). Eg sleit litt med å få det fint i og med at det grønne vart større enn det grå, og endte til slutt med å hekle ein ekstra kant rundt det grå før eg sauma dei ihop. Det funka på eit vis.

Hovudet til haren vart noko tungt og han kan på ingen måte holde det oppe sjølv. For lite vatt? Beina vart skeive av ein eller annan mystisk grunn. Sett vekk frå det var det verdt strevet. 🙂

NO legg eg vekk påskeboka og gjer meg klar til andre prosjekt. Eg trur eg må blåse støv av symaskina og fotografere litt nede på syrommet. Der har eg nokre ublogga prosjekt på gang.

 

….eller…burde ikkje haren hatt ein genser kanskje..?

Advertisements