Hønhild er siste tilskot i hønsefamilien. Ho er strikka i grønt østlandsgarn og grått safirgarn og har lagt eit gult og kvitt egg. Ganske stort egg for ein so liten hønekropp å vere. Hønhild er ei kryssning mellom påskehøne og heilårshøne.

Eg likar å strikke høner! Men eg rekk nok ikkje fleire denne påska. Eg har planar om litt fleire egg, og eventuelt ein hare om eg skulle få mange strikketimar til disposisjon.

God påske!

Advertisements