Her er hønemor. Ho er rett og slett ei ekte hønemor som passar godt på dei små kyllingane frå i fjor.

Hønemor er strikka etter Arne og Carlos si oppskrift, men med mykje tjukkare garn(Hobbygarn frå Nille) og utan «fjør». Eg syns ho ser litt naka ut på hovudet, so kanskje eg gjer noko med det etterkvart.

Kyllingane hekla eg, som nevnt, i fjor. Oppskrifta finn du her om du skulle få lyst å lage dei sjølv. Oppskrifta er på engelsk, men det er ikkje mange heklebegrepa du treng å kunne. Her er ei god oversikt over vanlige hekleforkoringar engelsk-norsk.

Advertisements