Eg har sydd vognpose til Jonathan. Den har vore ferdig ei stund slik at vi har fått brukt den før den vart for varm, men eg har ikkje komt meg til å blogge om den før no. Oppskrifta fant eg i boka Made by me«Lille Leo’s vognpose». Den var noke herk å sy..! For det fyrste skjønte eg ikkje heilt oppskrifta heile tida og for det andre vart det mykje dyne å sy i. Eg tenkte undervegs at det her gjer eg ikkje igjen!, men eg lurer allereie på om eg skal sy ein til. Ein tynnare ein. Det vart jo plutseleg vår.

På innsida av posen brukte eg mjuk ooga booga-interlock og deilig fleece. Foret er ei dyne frå Sparkjøp. Etter kvart skal eg få laga til hol til vognselane. Det sto det ikkje noko om i oppskrifta, so eg må måle dei til sjølv. Håpar det er lettare gjort enn sagt. 😉

 

Advertisements