Dette er påskahøna Petra. Ho har tatt form over dei siste to vekene og er endeleg heilt ferdig. Oppskrifta fant eg i Arne & Carlos si bok; Påske hele året.

Arne og Carlos må vere to finurlege skruar som har satt saman den oppskrifta her. Sjekk ut hønebeina! Det var eit veldig artig prosjekt, sjølv om eg måtte klø meg litt i hovudet for å forstå kva dei meinte her og der. Heile høna er strikka frå kløra og opp. Eg har sansen for at alt strikkast saman istadenfor at ein må sy på lemmane etterpå. Samansying er noko tull(les: eg får det aldri fint). Det er beskrevet undervegs kva tid ein skal feste trådane og fylle vatt. Lurt, då ein fort kan tenke at trådfesting hører til ferdigstilling av prosjektet. Når heile greia er ferdig er der jo ikkje noko bakside til å feste trådane. Eg var heldigvis oppvakt nok til å oppdage det før det var alt for seint. Og det fine med å feste trådar etterkvart er at ein då er ferdig når ein er ferdig.

Påskehøna var eigentleg til mamma, men Theodor hadde so lyst å ha den sjølv og då var ikkje mormor vond å be. 😉 So no er eg igang med høne nr 2. Foreløpig har ho berre 6 grøne klør. Eg skulle ønske eg rakk mange høner før påske, men eg har nok alt for mange jern i ilden.

Petra har lagt eit egg. Forhåpentligvis kjem det fleire før påske.

Takk til tante Janne & co for fin bok! 🙂

Advertisements