Då Jonathan skulle har fyrste luren sin dag hadde eg ein idé om å sy ei knytebukse til han. Eg henta stoff, men fekk ein ny idé: å sy bleiepose. Eg henta nytt stoff og fekk ein lur idé om korleis den skulle sjå ut. Og slik vart den:

Istaden for den bua lukkinga som er på dei eg har sydd etter oppskrift tidlegare har denne to knappar i sidene. I og med at alt er firkanta var den veldig grei og rask å sy.

God plass til eit par bleier, eit tynt stelleunderlag og våtserviettar.

Vesle Frida skal få denne posen. Då fekk eg testa ut bokstavane på symaksina mi og veit at det funkar til slikt. No skal eg på kafé med Frida og mammaen til Frida og overrekke heilt fersk bleiepose.

Advertisements