Her om dagen sydde eg ein heildress til Jonathan. Mønsteret bestilte eg frå Stoff og Stil for nokre veker sidan, og etter å ha blitt inspirert av effektive Malin si barnekle-sying heiv eg meg rundt og klipte klart ein kveld forrige veke. Klippinga er jo halve jobben!

Dagen etter sydde eg den saman, og det var ikkje gjort i ein fei. Eg har (nesten) aldri sydd med elastiske stoff før og måtte fyrst finne ut av kva slags saumar eg då skulle bruke på maskina mi. Ein brukar nemleg ikkje vanleg saum når ein syr i elastiske stoff, for då vert det ikkje elastisk lengre. Det har eg testa før.

Då det var gjort måtte eg studere litt kva del som var kva og korleis dei skulle henge saman. So starta eg og det gjekk veldig greit til eg kom til glidelåsen. Då måtte eg klø meg i hovudet ei god stund, for oppskrifta var på ingen måte tilrettelagt for nybyrjarar som meg. Det stor berre «sy i glidelås». Ingen ting om kvar ein skal starte og kva ein skal gjere med klaffane og korleis det skal sjå ut øverst. Skal ein sy kle frå Stoff og Stil må ein kunne å sy i glidelås på førehand. Eg fant etterkvart ut av det på eit vis, men det vart ikkje fint i halsen. Der må eg trikse det til litt for hand.

Dei fleste saumane sydde eg med overlockmaskina mi og hurra for den! Det vert SO mykje finare på innsida og ser mykje meir profft ut. Og det går fort og ein slepp å sy to gongar rundt overalt. Eg diggar overlock!

Ribb lærte eg også å sy i denne oppskrifta. Det er ikkje større heksekunst enn å dra i den medan ein syr, men eg var likevel heilt imponert over kor lett det var å få til ein fin hals som denne.

Stoff: Ooga booga Interlock+ribb
Mønster: Stoff og Stil, str 86
Tid: To kveldar

Advertisements