Ein gong Pickles hadde portofri dag vart eg lurt til å handle. Då kjøpte eg tre nøster Abuelita 3-tråds merino(trur eg det var..). Garnet er utruleg mjukt og deilig, men eg har sett at det nuppar veldig etter ei tid og ville då ikkje strikke noko flott i glattstrikk av det. Etter å ha hespa det med mitt flotte hespetre; Kristine Sofie, og latt det godgjere seg i ei av mine mange garnkorger nokre månader vart det lue og vottar av det.

Artig skrue-hettelua er også frå Pickles. Eg leita etter noko eg kunne bruke garnet mitt til, men hugsa ikkje kva det hette og fann oppskrift på denne lua. Eg skjønte etter kvart at det var heilt feil garn, men tenkte at eg alltids kunne gjere eit forsøk med det eg hadde. Dermed strikka eg denne med 3-dobbel tråd, fulgte delvis dei to minste størrelsane og fekk ei lue som passa heilt perfekt til minstemann på 6,5 månader:

Dei matchande vottane hadde eg ikkje noko oppskrift på, men dei vart fint passelege dei og. Det var jo ikkje akkurat det mest avanserte designet.

Eg har framleis ein del garn igjen. Nokon som ønskar seg ei lue i motsette fargar?

 

Advertisements