Eg har ei super svigermor som alltid stiller opp om det skulle vere noko. Derfor fortjenar ho eit par fine sokkar.

Oppskrifta fann eg i Allers sitt julehefte og den var heilt på trynet. Trudde eg i alle fall, for eg fann ingenting om kor mange masker eg skulle legge opp eller noko som helst. Ikkje før eg hadde strikka den eine sokken og las HEILE oppskrifta. Det har nok skjedd ein feil der, for starten på oppskrifta stod midt inni teksten ein stad.

I Allers var dei kvite, raude og rosa(!). Min plan var å berre strikke raude hjerter øvst og ha resten i koksgrå og kvit, men eg ombestemte meg undervegs. Raudt+kvitt+hjerter er jo ingen dum idé.

Eg starta på sokkane i romjula og den fyrste gjekk raskt. Nummer to derimot… Eg hatar å strikke nr to! Den tar alltid minst 4 gongar so lang tid som nr éin. Dermed vart dei ikkje ferdig før no nylig og i går kunne ei fornøgd svigermor reise herifrå med eit par nye tjukkelestar i veska.

Advertisements