Eg har planar om å teste ut mange av oppskriftene frå boka «Made by me» som eg fekk til jul. Fyst ut var bleiepose frå UnePune. Denne sydde eg for nokre veker sidan og den bur no fast i stelleveska. Oppi er der plass til stelleunderlag, 3 bleier og våtserviettar. Sjølv om eg har veske med mange rom gjorde denne det meir oversiktleg. Og då kan eg ta med berre den når vi skal på stellerommet.

Eg var smart og klipte like greit stoff til to stykker samtidig. Det skal eg gjere oftare; effektivitet lenge leve! Dermed har eg ein til meg sjølv og ein til nokon andre.

 

Advertisements