Eg rydda i skapet og fant ein Norheim ullfrottégenser som eg aldri brukar. Då fekk eg ein lur idé: å sy bukse til Jonathan av den.

Eg klipte genseren i to, la ei nøstebarnbukse oppå og teikna rundt. Genserdelane var akkurat lange nok! Deretter gjorde eg alle feil i boka medan eg sydde den saman. Gong på gong, klippa opp og sydde igjen. Den vart smalare og smalare for kvar gong eg sydde feil og klipte det vekk, men passforma vart likevel bra til slutt. (Edit: eg har fått ønsker om å vite kva eg gjorde feil, so her kjem det: For det fyrste prøvde eg å sy på eit band rundt buksa som var elastisk i feil retning. Det vart ganske lite fint og eg klipte like godt vekk heile greia. Då eg skulle sy saman framsida og baksida rett mot rett hadde eg lagt rett mot vrang istaden og då var det ikkje anna å gjere enn å klippe vekk det òg. Ellers klarte eg å gløyme å sjekke kva innstilling eg hadde maskina på og sydde sikksakk istaden for rett, bakover istadenfor framover. Og med feil nål. Men..»man lærer av sine feil»..?)

Rundt kantane og nederst på beina brukte eg eit utruleg kult ooga booga-stoff(interlock). Apekatten på magen er frå Stoff og Stil.

Buksa måtte soklart testast med det samme og den satt perfekt!

Ooga bogga-bein, sydd saman med overlock-maskina mi.

No gjenstår det berre å få kjøpt trykknappar til skulderstroppane, so skal den brukast mykje! Billig og god.

Advertisements